Barn som veks opp med lhbt-foreldre

Kunnskapen om barn som veks opp med foreldre som er lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar er mangelfull. Men den forskinga som finst, viser at foreldra si seksuelle orientering ikkje synest å verke negativt inn på oppvekstsituasjonen til barna. Dette kjem fram i ein ny rapport av Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, NOVA.

foto_rapport_Å ha foreldre av samme kjønn – hvordan_NOVA_mellanPå oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har NOVA laga ein kunnskapsoversikt over situasjonen til barn og unge med foreldre som er lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar (lhbt). Rapporten diskurerer òg kor mange barn og unge i Noreg som veks opp i familiar der minst ein av foreldra er lhbt.

Kunnskapsoversikten syner at det meste av forskinga på dette området handlar om barn som veks opp med to lesbiske foreldre, og at forsking frå England, USA og Nederland dominerer.

– Men i det store og heile er det mangelen på forsking som kjem tydeligst fram, det er store kunnskapshol på feltet, fortel Elisabeth Backe-Hansen, som har skrive rapporten saman med Eivind Grip Fjær.

Viktig prosjekt
– Dette har vore eit veldig interessant prosjekt, fortel Elisabeth Backe-Hansen.

– Vi ser at det viktigaste for barn ikkje er kva seksuell orientering foreldra har, men korleis dei utøvar foreldreskapen – nett som i alle andre familiar.

Ho påpeikar samtidig kor mykje kunnskap som manglar på feltet.

– Det er også eit viktig funn, understrekar ho, det er ikkje tvil om at dette er eit område vi har lite kunnskap om, skriver NOVA i sin pressemelding.

 


Logotype för Nordiska ministerrådet Logotyp för Nationella sekretariatet för genusforskning Logotyp för Göteborgs universitet